NMH - Brage (Norges musikkhøgskole)
Not a member yet
    866 research outputs found

    Kva kan musikkterpi vere?

    Get PDF
    Even Ruuds bok Hva er musikkterapi? kom ut i 1980, midt i ei brytningstid for norsk musikkterapi. Ei toårig vidareutdanning i musikkterapi var nettopp etablert ved Østlandets Musikkonservatorium. Spørsmålet om kva musikkterapi kan vere vart då eit ålment spørsmål, og Ruud skriv musikkterapien inn i debattar som prega norsk samfunnsliv på denne tida. Han drøftar tilhøvet mellom musikk, terapi og samfunn og åtvarar mot musikkterapi som «musikalsk farmakologi». Slik argumenterer han for ein samfunnsengasjert musikkterapi som kan bidra til å byggje vilkår for handling og deltaking. No var ikkje Ruuds tekst rik på praksiseksempel som kunne støtte opp om denne visjonen, men argumentasjonen har vore med på å forme fagutviklinga her i landet og har også bidrege til at norsk musikkterapi har utvikla samarbeidsrelasjonar med musikkpedagogikken, musikksosiologien og andre delar av ein moderne tverrfagleg musikkvitskap. Spørsmålet mitt er om Hva er musikkterapi? også kan gje perspektiv på norsk musikkterapi i dag. Medan ein i 1980 stod i ei brytningstid der musikkterapi for første gong vart anerkjend som offentleg finansiert utdanning på høgskule- og universitetsnivå, står vi i dag i ei brytningstid der musikkterapi for første gong er tatt inn i nasjonale faglege retningslinjer for behandling. Igjen vert spørsmål om fagidentitet og tilhøvet mellom fag og samfunn prekære. Kva kan musikkterapi vere? Eitt av Ruud sine svar er at vi ikkje kan stille dette spørsmålet utan at vi også spør kva musikk kan vere. Nøkkelord: Fagidentitet, fag og samfunn, musikk som handling, terapi som nye handlemogelegheiter

    Musikk, identitet og geografi

    Get PDF
    Teksten diskuterer forhold som gjelder musikk, identitet og geografi, med utgangspunkt i historien til Norsk folkemusikksamling frem til den blir en del av Nasjonalbiblioteket i 2014. Hvordan musikk og utøvere knyttes til geografiske steder blir sett på som problematisk og vanskelig definerbart, samtidig som det åpenbart er en viktig faktor i forståelsen av identitet, både når det gjelder utøvere og konkret musikalsk materiale. Avslutningsvis diskuteres også at forhold knyttet til geografisk og etnisk identitet vil oppfattes ulikt av et publikum som ellers har liten kontakt med folkemusikk, og at identitetsforhold også til tider er sterkt konfliktfylte. Nøkkelord: Musikk, identitet, geografi, folkemusik

    Literacy og ensembleleiing. Korleis kan ein forstå literacy i ensembleleiing? Perspektiv frå teori og praksis.

    Get PDF
    Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. MusikkpedagogikkAbstract --- The aim of this master-thesis has been to explore how to understand literacy in the school subject Musical leadership and conducting in upper secondary school, in the study program Music, dance and theatre acting. The work is a combined theoretical and empirical study. The first part is a theoretical investigation of literacy as concept in general terms and subsequently in the more specific context of music education. The second, empirical part is based on interviews of three teachers who teach the mentioned school subject. The theoretical analysis is built on research both from the field of music pedagogy (Blix, 2012; Waller, 2010; Mills and McPherson, 2006; Varkøy, 2008) and from other subjects and disciplines (Shanahan and Shanahan, 2008, 2012; Barton and Hamilton, 2000; Gadotti, 1994; Kress and van Leeuwen 2001). The broad and multidisciplinary approach to literacy in the theoretical investigation is in part motivated by a wish to look for alternative perspectives on literacy developed in other subject domains. As a result of the theoretical investigation, literacy is presented in four major understandings I have termed positions. This organization takes departure from UNESCO (2006), and was also used to develop a tool for analyzing the findings from the interviews. The thesis has a discursive angle, where Gee’s (2008, 2012) theories on discourse play a key role, discussing how discourse can help operationalizing literacy as concept. Such an operationalization was perceived necessary to be able to interview teachers about literacy and how this was reported expressed in their teaching. Based on research on literacy and Gee’s discourse theory, I developed a definition of literacy forming the basis for how to understand literacy in the subject. The results showed that the teachers perceived literacy as being able to understand and use verbal language, using and understanding body language, the relevance of written texts, reading and writing, as well as practical skills expected of a conductor. An important issue for the teachers was to give students opportunity to develop identity as leaders of musical ensembles, and as a result the school subject was partly perceived as a community of practice where the teacher’s role was to initiate the students into this community. Even though the three teachers shared many perspectives on what literacy is, they were divided in how to achieve literacy. The master thesis concludes that it is possible, and even maybe advantageous, to use literacy as an approach to understand the nature of the subject. Also, it provides a common ground for comparing and contrasting this subject with other subjects, both within and outside the domain of music education.Samandrag --- Dette masterarbeidet har hatt som mål å undersøke korleis ein kan forstå omgrepet literacy i samband med hovudområdet ensembleleiing i faget instruksjon og leiing i vidaregåande skule, programområde musikk, dans, drama. Arbeidet er ein kombinert teoretisk og empirisk studie, der første del er ein teoretisk analyse av literacyomgrepet både generelt og meir spesifikt for musikk og den andre, empiriske delen er basert på intervju med tre lærarar som underviser i faget. Den teoretiske analysen bygger på forsking på literacy både frå musikkpedagogisk hald (Blix, 2012; Waller, 2010; Mills og McPherson, 2006; Varkøy, 2008) og frå andre fagfelt (Shanahan og Shanahan, 2008, 2012; Barton og Hamilton, 2000; Gadotti, 1994; Kress og van Leeuwen 2001). Det har vore eit poeng å sjå til andre fagfelt for å undersøke om literacyomgrepet i ulike forståingar kan ha tyding for korleis forstå literacy også i musikkfaget ensembleleiing. I masteroppgåva sin teoridel er literacy lagt fram i fire hovudforståingar som vert kalla posisjonar. Denne organiseringa har sitt utspring i UNESCO (2006), og inspirerte til utviklinga av eit verkty som endeleg vart nytta for analyse av funn frå intervjua i masterstudien. Masteroppgåva har ei diskursiv vinkling der Gee (2008, 2014) er ein sentral teoretikar. I masteroppgåva vert det argumentert for korleis diskurs kan vere med å operasjonalisere literacyomgrepet. Ei slik operasjonalisering vart oppfatta som naudsyn for å kunne intervjue lærarane om literacy, og deira forståing av korleis literacy kom til uttrykk i undervisning. Med utgangspunkt i forsking om literacy og diskurs, utvikla eg ein definisjon av literacy som ligg til grunn for drøfting av omgrepet i høve til ensembleleiing. Funn i undersøkinga synte at lærarane oppfatta literacy å vere relatert til å kunne forstå og bruke verbalspråk, kroppsspråk, ulike tekster, lesing og skrift, samt praktiske dugleikar dirigenten må ha. At eleven fekk høve til å utvikle identitet for ensembleleiarrolla var sentralt hos lærarane, og faget vart dels oppfatta å fungere som eit fagfellesskap. Læraren si rolle syntest å vere knytt til å føre eleven inn i dette fagfelleskapet. Sjølv om lærarane delte mange synspunkt på kva literacy er, skilde dei seg i korleis oppnå literacy. Masteravhandlinga konkluderer at det er mogleg å bruke literacy som ei tilnærming for å forstå faget sin natur, og at dette kan ha positive ringverknader. Literacy kan bidra med ein felles forståingsgrunn for samanlikning og kontrastering av dette faget høve andre fag, både i og utanfor det musikkpedagogiske feltet

    A bygone romantic piano practice: Interpretation of selected Beethoven sonatas and Chopin-etudes, departing from Hans von Bülow's instructive edition

    No full text
    Dissertation for the PhD degree Norwegian Academy of Music, Oslo 2017 - Avhandling (Ph.D.) - Norges musikkhøgskole, 2017Summary A bygone romantic piano practice: Interpretation of selected Beethoven sonatas and Chopin-etudes, departing from Hans von Bülow's instructive edition. Jan Gunnar Sørbø, Norwegian Academy of Music (NMH). - Principal supervisor: Prof. Ståle Wikshaaland (UiO), Co-supervisor: Prof. Jens Harald Bratlie (NMH) In this thesis, which is based on Hans von Bülow's (1830–1894) instructive edition, I examine interpretative aspects of selected Beethoven sonatas and Chopin etudes. The Bülow-edition reveals a tradition of interpretation in which the concept of interpretation is much more prominent than in modern Urtext editions. To a certain extent, Bülow's edition can be understood as an explication of characteristic parts of a bygone romantic piano practice. By performing selected passages, originating from the Bülow- and Urtext editions, respectively, I am able to investigate practices and how the performer approaches the material. Developed from this is a discussion of how different understandings of notation can regulate interpretation. An overarching goal of this thesis is to contribute to an expansion of the interpretative scope for the modern interpreter by illuminating parts of the work's reception history that has hitherto been given relatively little attention. Although instructive editions were widespread in the second half of the 19th century, these editions have been marginalized in our time. This is in part due to a more general anti-romantic shift in music understanding. Moreover, the understanding of notation as such has undergone a significant transformation during the same period. By restoring a historically concept of interpretation, imprinted in these piano works, I hope to establish a foundation for artistic development and novel interpretation of these key works. The theoretical perspectives are largely derived from hermeneutics and reception aesthetics, particularly from the works of Hans-Georg Gadamer, Hans-Robert Jauss and Wolfgang Iser. The methodological framework draws mainly on text criticism and hermeneutics. Questioning the modern concept of text fidelity and the Urtext concept as a regulatory model of the interpretation is central to the discussion. The thesis consists of six chapters: 1: 'Introduction' 2: 'In theory', 3: 'In practice', 4: 'Written interpretation and edition', 5: 'Actualization', and 6: 'Epilogue'.Resymé I denne avhandlingen undersøker jeg, med utgangspunkt i Hans von Bülows (1830–1894) instruktive noteutgaver, fortolkningsmessige aspekter ved utvalgte Beethoven-sonater og Chopin-etyder. Bülowutgavene vitner om en skriftlig fortolkningstradisjon hvor selve fortolkningsbegrepet står betydelig mer sentralt enn i moderne urtekst-utgaver. Langt på vei kan Bülows edisjon forstås som en eksplisering av deler av en forgangen romantisk klaverpraksis. En gjennomgående tilnærming i avhandlingen er egen fremføring av utvalgte passasjer fra materialet med utgangspunkt i henholdsvis Bülow- og Henle-utgaver, inklusiv en diskusjon om hvordan forskjellige notasjonsforståelser kan tenkes å regulere fortolkning. Et overordnet mål med arbeidet er å bidra til en utvidelse av det fortolkningsmessige spillerommet for den moderne klaverfortolkeren. For å bidra i denne retning vil jeg belyse deler av de aktuelle verkenes resepsjonshistorie som hittil har blitt viet forholdsvis lite oppmerksomhet. Selv om instruktive noteutgaver hadde betydelig utbredelse i annen halvdel av det 19. århundre, har denne utgavetypen vært lite i bruk i vår tid. Dette kan ses i sammenheng med en anti-romantisk dreining innen musikkforståelse. Dessuten synes selve forståelsen av notasjon å ha gjennomløpt en betydelig forvandling over samme tidsrom. Ved å gjenskape et historisk forankret fortolkningsbegrep håper jeg å kunne legge grunnlag for kunstnerisk utvikling og nyfortolkning av disse sentrale verkene innen klaverlitteraturen. De teoretiske perspektivene er i hovedsak hentet fra hermeneutikken og resepsjonsestetikken, særlig fra arbeidene til Hans-Georg Gadamer, Hans-Robert Jauss og Wolfgang Iser. Metodologisk bygger arbeidet på tekstkritiske og hermeneutiske elementer. Et sentral idé som problematiseres i avhandlingen er en moderne teksttro forståelse av urtekst-utgaver som regulerende forestilling for fortolkningen. Avhandlingen består av seks kapitler: 1: 'Introduksjon', 2: 'I teorien', 3: 'I praksis', 4: 'Skriftlig fortolkning og noteutgivelse', 5: 'Aktualisering', og 6: 'Epilog'

    The music therapy student’s process. A qualitative study focusing on the student’s own experiences in leading a music group on a special needs school

    No full text
    Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. MusikkterapiSUMMARY --- This master thesis describes a music therapy student’s own experiences in leading a music group on a special needs school. The study focuses on the processes that the student goes through in order to meet the pupils’ needs in the group. The study has a qualitative design with participatory observation and elements from action research as methods. The data material consists of video recordings and log notes, these were analyzed with an exploratory and hermeneutic approach. The findings are summarized in seven different categories that shows to what extent, and how, the student provided space for the pupils’ opinions, freedom of choice, sensitivity, spontaneity, conversation, roles and emotions. Theory about the relationship between music therapy and music education, group therapy and music therapists’ relational qualities are used to discuss these categories. The findings of the study shows that field practice with supervision can be a valuable part of a student’s personal growth and development in becoming a music therapist and understanding clients’ needs.SAMMENDRAG --- Denne masteroppgaven beskriver en musikkterapistudents egne erfaringer med å lede en samspillsgruppe på en spesialskole. Studien fokuserer på hvilke prosesser studenten går gjennom for å møte elevenes behov i gruppen. Studien har et kvalitativt design med deltagende observasjon og elementer fra aksjonsforskning som metode. Videopptak og logg utgjør datamaterialet som ble analysert med en eksplorativ og hermeneutisk tilnærming. Funnene kan oppsummeres i syv kategorier som omhandler i hvilken grad, og hvordan, studenten gav rom for elevenes meninger, rom for valgfrihet, rom for sensitivitet, rom for spontanitet, rom for samtale, rom for flere roller og rom for følelser. Kategoriene drøftes i lys av teori om gruppeterapi og betydningen av fleksibilitet i musikkterapi. Teori om relasjonskompetanse og utvikling av andre relasjonelle egenskaper løftes frem for å understreke hvilke prosesser det er vanlig å gå gjennom som en uerfaren student. Studiens funn viser at veiledet egenpraksis kan danne grunnlag for personlig vekst og utvikling i musikkterapirollen for å bedre forstå klienters behov

    Handlemuligheter og musikalsk aktørskap. Om å avgrense musikkterapi fra musikkpedagogikk

    Get PDF
    Festskrift til Geir JohansenÅ definere og avgrense fagfelt er en øvelse som lett skaper diskusjoner. Deltakerne i feltet kan ha ulike og kanskje motstridende interesser og det kan oppstå en kamp om hegemoniet. Definisjoner handler om å sette ord på en praksis, og da velger man gjerne å definere den praksisen man selv bedriver. Slik er de fleste definisjoner av «musikkterapi» preget av aktører med bakgrunn i en bestemt kunnskapstradisjon og hvor en lokal fagtradisjon med sin samling av praksiser setter sitt særegne avtrykk i definisjonen. For å unngå ensidige definisjoner kreves et visst overblikk over hele feltet, foruten evne til refleksjon over de begrepene som inngår i definisjonen. Når det gjelder musikkterapien, er vel Kenneth Bruscias bok «Defining Music Therapy», som i 2014 kom ut i tredje reviderte utgave, et godt eksempel på hvor omfattende man bør gå til verks, om man virkelig vil klargjøre og avgrense alle begreper som omfattes av definisjonen. En definisjon og avgrensning kan i utgangspunktet ha til hensikt å informere utenforstående om hva ens eget fag handler om. Definisjonen vil være god å ha om man ønsker å avgrense sitt eget fag fra andre fagfelt. Et eksempel er forsøket på å holde musikkterapi atskilt fra musikkpedagogikk. I en fase med profesjonsbygging kan det være nødvendig å lage tydelige avgrensninger om man ønsker å opprette stillinger, definere pensum, lage utdanninger og så videre. I en profesjonssammenheng vil man lett vektlegge det som skiller to fag i stedet for å peke på det som er felles

    Kva lærer El Sistema-elevar? Fem fiolinpedagogar om samanhengen mellom kompetansen til ei gruppe El Sistema-elevar og undervisningsforma gruppeundervisning

    Get PDF
    Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. MusikkpedagogikkSamandrag. - Tema for denne masteroppgåva er instrumentalundervisning, og formålet er å auke forståinga av kunnskapsgrunnlaget i instrumentalundervisning. Problemstillinga er: Korleis forstår fem fiolinpedagogar samanhengen mellom kompetansen til ei gruppe El Sistema-elevar og undervisningsforma gruppeundervisning? Eg har gjennomført kvalitative forskingsintervju med fem fiolinpedagogar. Pedagogane fekk sjå eit filmopptak av ei gruppe elevar som har fått fiolinundervisning gjennom prosjektet El Sistema Norge, der all undervisninga vert gitt om gruppeundervisning. Intervjua er analysert med ein induktiv og meiningsfokusert tilnærming. Fiolinpedagogane meiner at fiolinelevar skal oppleve trivsel og meistring, at dei skal lære fiolinteknikk, notar, musikkteori, og at dei skal utvikle musikalitet og evne til samspel. Dei oppfattar at El Sistema-elevane på filmopptaket har ein varierande teknikk, men at den i hovudsak er svakare enn hjå jamnaldrande elevar som har spelt like lenge i kulturskolen. Dei meiner også at El Sistema-elevane speler godt saman, at dei er motiverte og konsentrerte, og at dei har godt gehør. Fiolinpedagogane ser ein samanheng mellom El Sistema-elevane sin kompetanse og det at dei har fått gruppeundervisning. Dei peiker på at elevane, samanlikna med kulturskoleelevar flest, har fått meir undervisningstid, meir sampel, og at dei viser meir motivasjon og speleglede, men at dei også har fått mindre individuell rettleiing. Eg diskuterer pedagogane sine utsegn sett i lys av kunnskapsteori, og Frede V. Nielsen og Christopher Small sine teoriar om musikk og kunnskap i musikk. Eg peiker på at det er sider ved pedagogane si forståing som ikkje vert fanga opp at eksisterande teoretiske modellar, og eg foreslår derfor å konseptualisere kunnskapsgrunnlaget i instrumentalundervisning som eit binært omdreiingspunkt med ein kollektiv og ein individuell dimensjon. Nøkkelord: El Sistema, fiolinundervisning, gruppeundervisning, instrumentalundervisning, kulturskole, kunnskap i musik

    Tre fortellinger

    Get PDF
    Interaktiv PDFSkolen min og din. - "Gi mæ sjansen om og om igjen". - Jularbos brurvalspublishedVersio

    Å gripe det ubegripelige

    Get PDF
    Det var torsdag morgen, og jeg stod klar til å ta imot de seks barna i musikkgruppa. Like før timen startet ringte telefonen. Beskjeden var uventet, men likevel ventet. Nå hadde det skjedd. Thea var død. Hun hadde sovnet inn samme morgen. Midt i dødsbudskapet ventet en musikkgruppe med forventningsfulle barn og voksne på å starte dagen. Jeg som musikkterapeut og leder måtte ta ansvar for hvordan vi skulle takle den triste nyheten, og jeg var nødt til å være profesjonell og improvisere slik at dagen ble så god som mulig for gruppa. Vi sang Nå vil vi si velkommen som vanlig, og etterpå fulgte Trøstevise i november slik vi hadde sunget i november året før, og året før der igjen. En vakker sang av Ebba Munk og Pia Rang, med dypt livsfilosofisk innhold.publishedVersio

    Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar. Ein kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn

    Get PDF
    Dissertation for the PhD degree Norwegian Academy of Music, Oslo 2017 - Avhandling (Ph.D.) - Norges musikkhøgskole, 2017Samandrag --- Einslege mindreårige flyktningar er personar under 18 år som er på flukt åleine utan foreldra sine eller andre med eit foreldreansvar for dei. Einslege flyktningbarn er i ei risikogruppe og er særskilt utsett for å utvikle psykiske helseproblem. Studien utforskar kva rolle musikk kan ha i helsefremmande arbeid med denne gruppa barn og unge. Studiens problemstilling er: På kva slags måte kan deltaking i ei musikkgruppe vere helsefremmande for ungdom som har bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar? Tre forskingsspørsmål spring ut frå den overordna problemstillinga: 1 Korleis opplever deltakarane å medverke og delta i musikkgruppa? 2 Kva for helsefremmande faktorar kjem til syne i deltakarane sine opplevingar? 3 Kva for utfordringar opplever deltakarane i musikkgruppa? For å kunne utforske problemstillinga og forskingsspørsmåla, vart ei gruppe ungdommar med denne flyktningbakgrunnen invitert til å delta i ei musikkgruppe. Musikkgruppa vart leia av to musikkterapeutar, den eine også var forskar i studien. Musikkgruppa møttest til regelmessige samlingar over ein periode på ti månadar. Gruppesamlingane hadde eit variert musikalsk innhald der improvisasjon, samspel på ulike instrument, instrumentalopplæring og song var blant arbeidsformene. Ein konsert for inviterte vener og arbeid i studio, var også ein del av arbeidsprosessen. Musikkterapeutane la vekt på samarbeid og ungdommanes medråderett i gruppeprosessen. Dei hadde ei ressursorientert tilnærming, og saman planlagde og evaluerte musikkterapeutane og ungdommane gruppesamlingane. Begge partar kom med innspel og forlag til musikk å samhandle i, og saman sette dei måla for musikkgruppa. Eit av føremåla i studien er å demonstrere korleis ein gjennom musikk kan engasjere og skape fleirkulturelle møte som kan bidra til å støtte ein gryande integrasjonsprosess, og som kan gi oppleving av meistring og andre erfaringar som kan ha betyding for deltakaranes helse og livskvalitet. Studien gjer dette ved å skildre ein praksis i ei musikkgruppe, utforske denne praksisen gjennom intervju og observasjon, og drøftar resultata herifrå med hjelp av teoretiske perspektiv. Studien har også som føremål å utvikle kunnskap om samanhengar mellom musikk og helse som ideelt sett skal bidra til at fleire barn og unge med flyktningbakgrunn får tilgang til musikk. Håpet er at ein ved å utvikle meir kunnskap om musikkarbeid med einslege flyktningbarn kan bidra til at det blir utvikla fleire musikktilbod i asylmottak og barnevernskontekst. Dette er eit overgripande, idealistisk og langsiktig føremål som studien strekk seg mot. Studien er eit samfunnsmusikkterapiprosjekt og utforskar samanhengen mellom musikk og helse i konteksten av den gjeldande musikkgruppa. Studien står i ein norsk musikkterapitradisjon, der eit humanistisk, ressurs- og samfunnsorientert perspektiv på musikkterapien er del av den faglege ståstaden. Desse perspektiva er del i studiens teoretiske referanseramme og er også ein del av forskarens forforståing. Perspektiva la føringar for musikkterapeutane si tilnærming til musikkgruppa og ungdommane. I tillegg til musikkterapiperspektiv, er positiv psykologi, anerkjenningsteori, traumemedviten omsorg og teori om psykososialt arbeid einslege flyktningbarn del i studiens teoretiske referanseramme. Resultata frå analysen har blitt drøfta i ljos av desse perspektiva, og gjennom eit vekselspel mellom teori og empiri har studiens problemstilling og forskingsspørsmål blitt forsøkt svara på. Som kvalitativ studie har deltakande observasjon og kvalitative forskingsintervju blitt nytta som forskingsmetodar i datakonstruksjonen. Intervjua har blitt analysert i ei systematisk tekstkondensering, og feltnotatet frå den deltakande observasjonen i ei kategoribasert analyse. Studien tek ein hermeneutisk fenomenologisk vitskapsposisjon. Det medfører at menneskeleg levd erfaring er anerkjend som gyldig kunnskap, og at fortolking er sett på som ein dimensjon ved kunnskapsutviklinga. Studiens første forskingsspørsmål etterspør ungdommane sine opplevingar frå musikkgruppa. Resultata frå studien viser at ungdommane opplevde ei emosjonell endring når dei deltok i musikkgruppa. Dei opplevde ei auka av positive emosjonar, meir energi og kjende seg mindre trøytte og nedstemte. Ungdommane opplevde at musikken avleia frå uro og problemrelaterte tankar og at den tilbydde eit avbrekk der kunne dei fokusere på musikk. Ungdommane fekk også eit meir optimistisk syn på framtida og livssituasjonen sin ettersom dei deltok i musikken i gruppa. Musikken var ledd i ein håpsprosess. Vidare opplevde ungdommane meistring i musikkgruppa. Oppleving av tryggleik i gruppa og støttande relasjonar førte til at ungdommane utvikla meistringstru og sjølvtillit. Det gjorde at dei våga å gå inn i nye samhandlingsformer i musikken, og at dei kunne oppdage nye sider og ressursar i seg sjølv og oppleve meistring. Ungdommane opplevde også tilhøyrsle ved musikken i musikkgruppa. Det handla både om ei opplevd tilhøyrsle til heimlandet, ei gryande tilhøyrsle til Noreg og det handla om oppleving av tilhøyrsle til musikkgruppa som fellesskap. Om det første nivået for tilhøyrsle, viser resultata at musikken hadde ein stadfestande funksjon med tanke på ungdommane sin identitet og oppleving av tilhøyrsle til heimlandet. Ungdommane si identitet og tilknyting til heimland vart anerkjend i relasjonane i gruppa. I tillegg minte musikken ungdommane om heimlandet. Denne påminninga vart av ungdommane skildra som både god og smertefull. Når det gjeld det andre nivået for tilhøyrsle, var musikken ledd i ungdommane si veksande oppleving av tilhøyrsle til Noreg. Ved kulturutveksling i musikken og ved mellommenneskelege møte i gruppa, spelte musikkgruppa ei rolle i ungdommane sin integrasjonsprosess. I samband med det tredje nivået for tilhøyrsle, opplevde ungdommane å delta i eit trygt og positivt gruppefellesskap. Eit fellesskap kor dei opplevde anerkjenning, støtte og meining. Studiens andre forskingsspørsmål etterspør helsekonsekvensane i ungdommane sine opplevingar. Dei positive opplevingane som ungdommane skildra kan alle sjåast i eit helseperspektiv. Traumemedviten omsorg, resiliensperspektivet, positiv psykologi, teori om psykososialt arbeid med einslege flyktningbarn, samt det ressursorienterte perspektivet på musikkterapien, er perspektiv i studiens teorigrunnlag og har til felles at dei handlar om kva som bygg ressursar, motstandskrefter og helse i mennesket. Ungdommane sine opplevingar frå musikkgruppa kan i ljos av desse perspektiva forståast som helsefremmande. Når det gjeld det tredje forskingsspørsmålet, kva ungdommane finn utfordrande i musikkgruppe, viste resultata to opplevde utfordringar: Uro for at musikkgruppas avslutning og manglande moglegheit for musikalsk utvikling. I analyseprosessen og i organiseringa av studiens resultat vart tre kategoriar konstruert: Musikkgruppa som arena for emosjonell endring, musikkgruppa som arena for meistring, og musikkgruppa som arena for oppleving av tilhøyrsle. Dei tre kategoriane har fleire vedliggande tema som alle reflekterer ungdommane sine opplevingar frå musikkgruppa. I kategorien musikkgruppa som arena for emosjonell endring ligg tema musikk som avleiing, musikk som kjelde til positive emosjonar, og musikk som ein veg til endra og utvida tankesett, i betydinga håp og optimisme. Kategorien musikkgruppa som arena for meistring omfattar temaet endra og utvida tankesett, i betydings meistringstru og endra sjølvoppfatning, og temaet relasjonens betyding. Kategorien musikkgruppa som arena for tilhøyrsle omfattar tema tilhøyrsle til heimlandet, tilhøyrsle til Noreg, og tilhøyrsle til gruppefellesskapet. Relasjonens betyding er eit gjennomgåande tema som er heimehøyrande i alle dei tre kategoriane. Det relasjonelle i gruppa, i betydinga kvaliteten og eigenskapar ved dei menneskelege relasjonane, er tolka som eit premiss for at ungdommane kunne oppleve emosjonell endring, meistring og tilhøyrsle i musikkgruppa. Til tross for at tema er organisert i skilde kategoriar, er kategoriane og dei vedliggande tema forstått som samanhengande. Ungdommane opplevde meistring og tilhøyrsle i musikken i musikkgruppa. Dette var erfaringar som skapa positive emosjonar i dei, emosjonar som glede, interesse og tilfredsheit. Dei positive erfaringane og emosjonane verka avleiande på uro og tankekjør, og dei endra og utvida ungdommane sin måte å tenkje på. Dette resulterte i eit meir optimistisk og positivt syn på eigen livssituasjon og framtid, samt at ungdommane fekk ei endra sjølvoppfatning med større meistringstru og sjølvtillit. Dette førte i alt til at ungdommane opplevde emosjonell endring når dei deltok i musikken i musikkgruppa. Det var dermed ei rekke samanhengande hendingar og opplevingar som førte til emosjonell endring for ungdommane. Samanhengen i tema resonnerer med studiens musikk- og menneskesyn. Mennesket blir rekna som eit handlande og opplevande subjekt og kan forståast både som ein organisme, som ein person og som eit samfunnsvesen. Musikk blir rekna som ein sosial aktivitet og det er i dei delte erfaringane at meining oppstår. Musikkens meining er difor forstått som subjekt- og kontekstavhengig. Musikk tilbyr vidare moglegheiter som menneske med si oppfatningsevne kan fange opp og nytte. Mennesket kan nytte, erfare og handle i musikk på måtar som gir helse. Alle tema som vart arbeid fram i analysen var moglegheiter som ungdommane oppfatta og nytta i musikken. Desse opplevingane har ved hjelp av studiens teoretiske referanseramme blitt tolka i eit helseperspektiv. Studiens resultat, og drøftingane av desse, fortel oss difor noko om musikkens mogleg rolle i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar.English summary --- Unaccompanied refugee minors are people under the age of 18 who took flight from their homeland in the absence of an escorting parent or guardian. They are people at risk who are especially vulnerable to developing mental health related issues. This study explores the role of music in the work of promoting health amongst unaccompanied refugee minors. The primary question this study seeks to answer is: In what way can participation in a music group promote health for youth who were unaccompanied refugee minors? Three research questions emerge from the overall problem: 1 How do participators experience their contribution and participation in the music group? 2 What health-promoting factors are revealed through the participants’ experiences? 3 What challenges do the youth encounter in the music group? In order to explore the issues and research questions, a group of youth who came to Norway as unaccompanied refugee children was invited to participate in a music group. The music groups were led by two music therapists, one of whom conducted research for this study. The group met for sessions approximately once a week over a period of ten months. These sessions had variable formats consisting of improvisation, interplay of various instruments, instrumental education and song. The regimen also included a concert by invitation as well as recording in a studio. The music therapists emphasized cooperation and codetermination in the group dynamics. In conglomeration with the youth, they explored and experienced music and as a unit the group collectively chose music they wished to explore, set goals they wanted to see accomplished, and evaluated group sessions. One of the goals of this study is to demonstrate how music can be a means by which we can engage people and create cross-cultural contact that can foster integration and self-confidence and in turn promote good health and quality of life for the participants. The study does this by depicting a practice in a music group, exploring this through interview and observation, and discussing the results from the research with reference to theoretical perspectives. The study also aims to develop knowledge about the links between music and health, which ideally will help more children and young people with refugee background gain access to music. The hope is that by focusing on and attaining more knowledge about the benefits of music therapy, can lead to more music therapy programs being offered in asylum centers and child welfare contexts. It is to this overarching, idealistic and long-term end that the study strives for. The study is a community music therapy project which explores the relationship between music and health in the context of a given music group. This study is grounded in Norwegian music therapy tradition, where a humanistic, resource and community-oriented perspective on music therapy forms the academic baseline. These perspectives are part of the study’s theoretical frame of reference and reflect the researcher’s own preconceived convictions. They laid the groundwork for the music therapists’ approach to the music group and its participants. In addition to music therapy perspectives, the theoretical reference framework of the study includes positive psychology, recognition theory, traumainformed care, and theory of psycho-social work with unaccompanied refugee minors. The results from the analysis are discussed in light of these perspectives and the research questions are treated through an dialogue between theory and empirical study. The findings of this study stem from qualitative research, wherein participant observation and interviews are the primary research methods for data collection .The interviews have been analyzed via systematic text condensation and the field notes from the participatory observation through category-based analysis. The study takes into consideration hermeneutics and phenomenology; human experience is recognized as valid knowledge, and interpretation is a central dimension in knowledge-building. The study’s first research question examines the youth’s experiences from the music group. The results indicate that the youth experienced positive emotions when participating in the group, experiencing more energy and joy and less fatigue and depression. The youth experienced that the music was a welcome distraction from an otherwise overactive mind and stress; the music group provided an environment where they could focus on music and lay aside any negative thoughts for awhile. The music had, therefore, a diverting function. The youth also gleaned a more optimistic view of their future and life situation through their participation, wherein music became a catalyst for hope. In addition, the young people experienced satisfaction, self-confidence and achieved competence in the music group. Security within the group as well as supportive relationships enabled the young people to develop faith in their own abilities and grow in self-confidence. It challenged them to enter into new ways of interacting with music and pushed them to discover resources and new-found potential from within themselves. The youth also experienced a sense of belonging which came through the music encountered in the music group. This stemmed from a sense of belonging to both their country of origin and to Norway, as well as to the fellowship in the music group. Concerning the first level of belonging, the results show that the music had a confirming function with regards to the youth’s identity and experience of belonging to their homeland. Often the music reminded the young people of their homelands, which had varying emotional responses- both good and painful. The youth’s identities and affiliations to their homelands were recognized amongst their group peers. When it comes to the second level of belonging, the music fostered the young people’s growing sense of Norwegian adherence. Through the exchange of cultural music and the interrelational group dynamics, the music group played s positive role in the young people’s integration process. When it comes to the third level of belonging, the youth were able to participate in a safe and positive group environment, a fellowship in which they encountered recognition, support and meaning. The study’s second research question gets at the health implications of the youth’s experiences. The positive experiences the young people achieve can all be seen through a health perspective. Trauma- informed care, resilience perspective, positive psychology, the resource-oriented perspective on music therapy, and the theory of psycho-social work with unaccompanied refugee minors, are all perspectives in the theoretical basis for the study. These perspectives all convey something about what builds resources, resistance and health in people. The youth’s experiences from the music group can, in the light of this study’s application of theoretical perspectives, be understood as health promotion. When it comes to the third research question concerning what the youth find challenging in the music group, the analysis’ findings indicate two challenges: Firstly, they experienced a certain uneasiness that the music group would one day come to an end. Secondly, they experienced frustration over a lack of opportunity to practice and thus they did not get the musical development they had hoped for. In the analysis process and in organizing the results of the study, three categories were constructed: the music group as an environment for emotional change; the music group as an environment for meistring1; and the music group as a venue for experiencing belonging. These three categories have furthermore attached themes that reflect the participants’ experiences from the music group. In the category the music group as an environment for emotional change are the themes of music as diversion, music as a source of positive emotions, and music as a road to a changed and expanded mindset. The category the music group as an environment for meistring includes the theme of a changed and expanded mindset and the importance of relationship. The importance of intergroup relations is a recurring theme which belongs to all three categories. Internal group relations, by which is meant the quality of these relations, are interpreted as a premise by which the participants can experience emotional change, achieved competence and belonging in the music group. The category music group as a venue for experiencing belonging includes the themes belonging to the homeland, belonging to Norway, and belonging to the group community. Despite the fact that the different themes are organized into three categories, the themes and categories are to be understood as interrelated. The youth experienced meistring and belonging in the music group. These were experiences that created positive emotions in them, emotions such as joy, interest and satisfaction. These positive experiences and emotions diverted turmoil and mental overactivity and they changed and broadened the participants’ way of thinking. This resulted in a more optimistic and positive view of the individual’s life situation and future, and led to personal change in their self-esteem with greater faith in their personal abilities. This means that the young people experienced an emotional change that came through their participation in the music group. There was thus a sequence of related events and experiences which led to an overall emotional change in the youth. The coherence of these themes resonates with the study’s view of music and of people. Mankind is regarded as an acting and experiencing subject. Music is considered a social activity, and it is within the context of shared experiences that meaning occurs. Its meaning is therefore understood as both subject-dependent and context-dependent. Music offers opportunities for people, with their ingrained perceptiveness, to latch on to and exploit. People can benefit, experience and engage music in ways that provide health. All the topics worked out in the analysis are possibilities that the youth perceived and benefited through the music. These experiences have, by the help of the study’s theoretical framework, been interpreted in a health perspective. The results of the study and the discussion of these results, tell us therefore something about the role of music in health promotion work amongst unaccompanied refugee minors

    727

    full texts

    866

    metadata records
    Updated in last 30 days.
    NMH - Brage (Norges musikkhøgskole)
    Access Repository Dashboard
    Do you manage Open Research Online? Become a CORE Member to access insider analytics, issue reports and manage access to outputs from your repository in the CORE Repository Dashboard! 👇