HVL Open (Høgskulen på Vestlandet)
Not a member yet
    14930 research outputs found

    Language policy in the Education Act

    No full text
    Master i didaktiske praksiser. Høgskulen på Vestlandet, campus BergenOpplæringsfeltet står i ei særstilling for å sikre norsk som samfunnsberande språk, og opplæringslova er ei viktig språklov nettopp fordi ho regulerer språkopplæringa. Ei ny opplæringslov trer i kraft hausten 2024, og i denne studien undersøkjer eg kva for språkpolitikken i opplæringslova gjennom problemstillinga «Kva for språkpolitiske oppfatningar ligg til grunn for reglane som gjeld nynorsk i den nye opplæringslova?». For å kunne arbeide med problemstillinga, har eg formulert desse forskingsspørsmåla: • F1: Kva for argumentasjonsheimlar ligg til grunn for reglane som gjeld nynorsk i den nye opplæringslova? • F2: Korleis bidreg heimlane og tiltaka i den nye opplæringslova til å oppnå målsetnadene i språklova? • F3: Korleis kan heimlane som ligg til grunn for reglane som gjeld nynorsk i opplæringslova, knytast til ulike språkideologiar? Prosessen med den nye opplæringslova gjekk delvis parallelt med prosessen for den nye språklova. Språklova slår fast at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk, og i denne studien undersøkjer eg om den nye opplæringslova er i tråd med målsetnadane i språklova. Eg etablerer eit teoretisk rammeverk for studien med særleg vekt på språkpolitikk og språkideologi. Med Stephen E. Toulmin sin modell for argumentasjonsanalyse tek eg føre meg offentlege dokument knytt til utarbeidinga av den nye språklova, analyserer argumenta for dei ulike ordningane som gjeld nynorsk i opplæringslova, og identifiserer kva for heimlar som ligg til grunn for ordningane. Ordningane som gjeld nynorsk i den nye opplæringslova, er eit framhald av nøytralitetspolitikken som har dominert opplæringsfeltet, og jamvel om målsetnadane om ei opplæringslov som bidreg til å fremje nynorsk, er til stades, vitnar ikkje sjølve ordningane i lova om det. Det er likevel fleire endringar i den nye opplæringslova som kan vere positive for nynorsk og nynorskelevane.MDIPD55

    Bullying in kindergarten

    No full text
    Bachelor i barnehagelærerutdanning. Høgskulen på Vestlandet, campus BergenBACH30

    Outdoor school as arena for writing instruction – Didactic approaches to all-round bildung in Norwegian

    No full text
    I denne masteroppgåva har eg prøvd ut og undersøkt korleis ein kan nytte uteskule i skriveopplæringa i norskfaget som bidrag til elevane sin danningsprosess. Ettersom uteskule er ein læringsarena som legg til rette for bruk av ulike sider ved eleven i møte med omgjevnadane, har eg valt å undersøke korleis dette kan bidra til allsidig danning. Denne delen av danningsomgrepet handlar om korleis bruk av heile mennesket, hovud, hjarte og hand, er viktig for å lære og utvikle seg. Oppgåva si problemstilling er: Korleis kan uteskule bidra til allsidig danning i norskfaget si skriveopplæring på mellomtrinnet? For å svare på dette har eg nytta element frå både kasusstudie og aksjonsforsking, med observasjon og elevtekstanalyse som empiri. Oppgåva tek utgangspunkt i erfaringar frå eit undervisningsopplegg som vart gjennomført over tre dagar i ei 5. klasse, éin dag med uteskule og to økter med skriving inne. Opplegget vart utvikla i samarbeid med læraren til klassa og på bakgrunn av teori om uteskule, skriveopplæring og danning. Målet var å undersøkje korleis ein kan nytte uteskule som ein arena for skriveopplæring i norskfaget, der elevane får bruke heile seg i læringsarbeidet, som bidrag til norskfaget sitt danningsarbeid og elevane sin danningsprosess. Funna viser at uteskule er ein arena som fungerer godt til skriveopplæring, og slik også elevane si danning, men at det særleg er fire didaktiske implikasjonar ein må vere bevisst på. For det første må elevane få oppleve at det er samanheng mellom det som skjer ute og det som skjer inne, knytt til uteaktiviteten. Slik kan dei sjå verdien og samanhengen mellom autentiske erfaringar og formidlingsarbeidet. For det andre må elevane få moglegheit til å ta stilling til dei autentiske omgjevnadane ute, gjennom bruk av både kognitive, fysiskpraktiske, estetiske og etiske sider ved seg sjølv. Dette er viktig for å kunne seie at ein arbeider med allsidig danning i læringsarbeidet. Vidare må elevane få moglegheit til å vere kreative på eigne premissar, utan at læraren legg for strenge føringar for aktivitetane. Slik får elevane gjere individuelle og verdifulle erfaringar. Til sist er det viktig at læraren har tillit til at læringsprosessen har stor verdi, framfor at hen vektlegg resultatet av aktivitetane. Danning er ein prosess som stadig skjer og kan ikkje målast som eitt enkelt resultat.MGUNO55

    Rosettas Stone framført på Polyfon konferansen 09.

    Get PDF
    Refleksjon av kunstfaglig forskningOperaen Rosetta’s Stone er et samarbeid mellom komponistene John G. Bilotta og Jostein Stalheim, og librettistene Oded Ben-Horin og John McGrew. Dette prosjektet var en oppføring av en scene på Polyfon-konferansen i Mimes Brønn på HVL 9.11.21. Urpremieren i Walnut Creek utenfor San Francisco 12.-13. og 26.-27. august 2016 under festivalen Fresh Voices XVI Festivals of New Works: “Memories & Desires” Operaen ble nominert til semi-finalen av American Prize i klassen Opera/theater/film/dance divisions 2018-2019KFF 202

    Pupils’ reasoning while working with figural pattern tasks in Minecraft

    No full text
    Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus BergenFormålet med denne studia har vore å sjå på korleis elevar på 5. trinn resonnerer når dei arbeider med figurmønsteroppgåver i Minecraft. For å gjere dette har det blitt gjort ein kvalitativ studie, der 15 elevar på 5. trinn var fordelt på seks grupper på to til tre elevar. Kvar gruppe arbeidde i lag på ein pc, der dei fekk presentert figurmønsteret inne i Minecraft i form av dei fire første figurane. Samtidig fekk dei eit oppgåveark med spørsmål om korleis figur 5, 10 og 100 ville sjå ut, der dei også skulle svare på korleis dei fann ut dette. For å få innsikt i resonneringa til elevane, tok eg lydopptak av kvar gruppe, og dermed fekk eg tak i samtalane elevane hadde med medelevar og studentar. Lydopptaka vart også transkribert etterpå. Studia er aktuell for lærarar fordi resonnering er ein del av kjerneelementet «resonnering og argumentasjon» i læreplanen (Kunnskapsdepartementet, 2019), og det er eit auka fokus på digitalisering i skulen (Utdanningsdirektoratet, 2021). Transkripsjonane og lydopptaka vart analysert ut frå Jeannotte og Kieran (2017) sin modell for matematisk resonnering. Fokuset var på dei ni resonneringsprosessane generalisering, lage formodning, identifisere mønster, samanlikning, klassifisering, rettferdiggjering, føring av bevis, føring av formelt bevis og eksemplifisering. Kategorien generalisering vart delt inn i rekursiv strategi, funksjonsmessig strategi og heil-objekt strategi basert på tidlegare forsking om generalisering (El Mouhayar & Jurdak, 2015; Healy & Hoyles, 1999; Lannin, 2005). Studia viser at alle dei seks gruppene engasjerte seg i rekursiv generaliseringsstrategi, og at dei i tillegg brukte enten funksjonsmessig eller heil-objekt strategi, eller begge. Alle gruppene samanlikna og eksemplifiserte, og halvparten identifiserte mønsteret. Ei gruppe var innom rettferdiggjering, og ein elev på ei gruppe var på veg mot å lage ein formodning. I hovudsak var det tre utfordringar som gjekk igjen hos alle gruppene. Dei hadde problem med å gå vekk frå det spesifikke og over i det generelle, dei overførte strategiane sine frå oppgåve 1 til oppgåve 2 utan å utforske figurmønsteret i oppgåve 2 godt nok til å sjå alle forskjellane, og dei hadde problem med å rettferdiggjere svara sine. Til slutt gir ikkje studia svar på i kva grad Minecraft har påverka resonneringa, noko som kan vere tema for vidare forsking, men ein ser at elevane har engasjert seg i resonnering medan dei arbeidde i spelet.MGBMA55

    Prenatal exposure to antiseizure medications and fetal growth: a population-based cohort study from the Nordic countries

    Get PDF
    Background The short- and long-term consequences of restricted fetal growth cause considerable concern, and how prenatal exposure to different antiseizure medications (ASMs) affects fetal growth remains uncertain. Methods This was a population-based cohort study of liveborn singleton children born in Denmark, Finland, Iceland, Norway, and Sweden from 1996 to 2017. Prenatal exposure was defined as maternal filling of prescriptions for ASM during pregnancy registered in national prescription registries and primary outcomes were adjusted odds ratios (aORs) of microcephaly or being born small for gestational age. Findings We identified 4,494,918 children (males: 51.3%, 2,306,991/4,494,918), including 38,714 (0.9%) children of mothers with epilepsy. In the overall population, prenatal monotherapy exposure with carbamazepine (aOR: 1.25 (95% CI: 1.12–1.40)), pregabalin (aOR: 1.16 (95% CI: 1.02–1.31)), oxcarbazepine (aOR: 1.48 (95% CI: 1.28–1.71)), clonazepam (aOR: 1.27 (95% CI: 1.10–1.48)), and topiramate (aOR: 1.48 (95% CI: 1.18–1.85)) was associated with risk of being born small for gestational age, and carbamazepine was associated with microcephaly (aOR: 1.43 (95% CI: 1.17–1.75)). In children of mothers with epilepsy, prenatal exposure to carbamazepine (aOR: 1.27 (95% CI: 1.11–1.47)), oxcarbazepine (aOR: 1.42 (95% CI: 1.18–1.70)), clonazepam (aOR: 1.40 (95% CI: 1.03–1.89)), and topiramate (aOR: 1.86 (95% CI: 1.36–2.54)) was associated with being born small for gestational age; carbamazepine, with microcephaly (aOR: 1.51 (95% CI: 1.17–1.95)). No associations with small for gestational age and microcephaly were identified after prenatal exposure to lamotrigine, valproate, gabapentin, levetiracetam, phenobarbital, acetazolamide, phenytoin, clobazam, primidone, zonisamide, vigabatrin, ethosuximide and lacosamide, but except for lamotrigine, valproate, gabapentin, and levetiracetam, numbers of exposed children were small. Interpretation Prenatal exposure to carbamazepine, oxcarbazepine, clonazepam, and topiramate was associated with increased risk of being born small for gestational age in both the overall population and in children of women with epilepsy suggesting that prenatal exposure to these drugs is associated with fetal growth restriction.publishedVersio

    Strava in nature: Digital tracks in the nature landscape

    No full text
    IDF35

    Psychological distress in severe illness: nurses care in the face of glioblastoma

    No full text
    Bacheloroppgave i sykepleie. Høgskulen på Vestlandet, campus BergenSYKB39

    Adapted education in mathematics: A qualitative study of what three teachers emphasize when they adapt their mathematics teaching in grades 5 – 7

    No full text
    Denne studien handlar om tilpassa opplæring i matematikk på mellomtrinnet. Formålet er å få innblikk i korleis eit utval lærarar forstår omgrepet og kva dei vektlegg i arbeidet med dette. Delar av studien er knytt til lærarane si oppleving av eige profesjonelle handlingsrom når det kjem til tilpassa opplæring. På bakgrunn av dette ligg følgjande problemstilling til grunn: Kva legg lærarar vekt på når dei tilpassar undervisninga i matematikk på mellomtrinnet? Med mål om å konkretisere og gje retning til problemstillinga vart det vidare inkludert tre forskingsspørsmål. Desse er relatert til (a) forståing av tilpassa opplæring, (b) undervisning og tiltak, og (c) oppleving av handlingsrom. For å svare på problemstillinga og tilhøyrande forskingsspørsmål vart det tatt utgangspunkt i eit kvalitativt forskingsdesign og gjennomført semistrukturerte intervju med tre lærarar som underviser i matematikk på mellomtrinnet. Det teoretiske bakteppet inneheld teori og tidelegare forsking om matematikkfaget, tilpassa opplæring og profesjonelt handlingsrom. Innhald i styrande dokumenter som er relevant for tematikken har òg fått ei sentral rolle i teorikapittelet Funn frå denne studien syner at kva lærarar legg vekt på når dei tilpassar undervisninga avhenger i stor grad av den enkelte si forståing av tilpassa opplæring og oppleving av handlingsrom. For å tydeleggjere denne samanhengen ytterlegare vart det i drøftinga foreslått ein firefeltsmodell der felta i modellen inneheld ulike perspektiv for kva lærarar vektlegg når dei tilpassar undervisninga i matematikk. Desse fekk namn som gav uttrykk for hovudessensen i perspektivet sitt innhaldet: (1) individualisering, (2) kulturskaping, (3) umyndiggjort og (4) lærebokstyrt. Innhaldet i dei fire perspektiva vart skildra ytterlegare med utgangspunkt i det teoretiske bakteppet og funn frå det empiriske materialet. Målet med modellen er ikkje å plassere lærarar i bestemte felt, men heller å sette lys på og skape bevisstheit rundt dei ulike perspektiva. Modellen kan dermed seiast å ha som hensikt å vere eit verktøy for lærarar til refleksjon over eigen praksis.MGBMA55

    10,130

    full texts

    14,930

    metadata records
    Updated in last 30 days.
    HVL Open (Høgskulen på Vestlandet)
    Access Repository Dashboard
    Do you manage Open Research Online? Become a CORE Member to access insider analytics, issue reports and manage access to outputs from your repository in the CORE Repository Dashboard! 👇