BraVo (Høgskulen i Volda)
Not a member yet
1240 research outputs found
Sort by
Ei vaklande plattform? Undersøking om Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal
Helseplattformen vart innført ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal 27. april 2024. Etter oppdrag frå Møre og Romsdal har ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda gjennomført ein studie av erfaringar, vurderingar og konsekvensar av denne innføringa
Rett person til rett tid? Ein studie av spenningar og dilemma i aktiverande samtalar i NAV
Avhandlinga er ei kvalitativ undersøking av aktiverande samtalar i NAV, med eit særskild fokus på spenningane og dilemmasituasjonane som oppstår i møtet mellom rettleiar og brukar. Desse samtalane representerte ved prosjektstart ein «uutforska» samtaletype - ein profesjonell-lekmannssamtale som vi som samfunn mangla empirisk innsikt i (Halvorsen et al., 2018, s.6).
Den nye norske arbeids- og velferdsforvaltinga er resultatet av NAV-reforma, den største forvaltingsreforma i moderne tid, der dei tidlegare etatane Trygdeetaten og Aetat vart slått saman med Sosialkontoret, for å yte betre og meir integrerte tenester. Reforma kom dessutan med ein brodd mot tidlegare og meir passiviserande ytingar og velferdslogikkar. Stønadsmottakarar og klientar skulle no bli brukarar, og aktiverast og rettast mot arbeid, og tenesteutforminga skulle, i større grad enn før, individualiserast og tilpassast. Desse møta i den nye fyrstelinja representerer eit viktig møtepunkt mellom stat og borgar, og eg ynskte å undersøke på kva måtar aktiveringspolitikken blir gjort levande på i desse møta, og kva spenningar og dilemma som den nye aktiveringslogikken medfører.
Forskingsspørsmåla mine var:
På kva måtar skapar aktiveringslogikken spenningar i brukarmøta?
Korleis reflekterer rettleiarane over spenningane i samtalane og i yrkesutøvinga si?
Korleis vert forventingane om aktive brukarar gjort levande i ei ny norsk fyrstelinje?
Datamaterialet består av 12 kasus, der kvart kasus består av både observasjonsdata og lydopptak av sjølve samtalen, samt intervju med både rettleiar og brukar. Eg enda opp med å presentere og analysere tre kasus, med både tjukke beskrivingar av kontekst og omstende, så vel som mikroanalyse av sekvensar prega av forhandlingar og spenningar. Dei tre kasusa har fått namna «Møtet med den lunka byråkraten», «Møtet med handhevaren» og «Møtet med hjelparen». Dei tre kasusa vert først analysert kvar for seg, og for sin eigen del, før eg deretter drøftar dei tre kasusa på tvers i diskusjonskapitelet, og svarar ut forskingsspørsmål og problemstilling. Eg brukar Goffman og konversasjonsanalyse for å forstå spelet i samtalane, Zacka for å forstå posisjonane som blir tilgjengelege i spelet, og Foucault for å forstå reglane og spelebana for samtalane.
«Møtet med den lunka byråkraten» er eit kasus om grensedraging – og om ein rettleiar som i samtalen må trekke grenser for innsats og arbeidsoppgåver i ei ny arbeids- og velferdsforvalting. Kasuset om hjelparen er eit kasus om rolleutfylling, og ein kvinneleg brukar som ikkje har fått innvilga ytinga enno, og som kjempar hardt for overtyde om si eiga verdigheit. I kasuset om handhevaren har brukaren nettopp blitt innvilga ytinga AAP, og dei to partane forhandlar om innhaldet i den første fasa, og om brukaren er aktiverbar eller ikkje. Det er eit kasus om fabrikkeringa av ein verdig brukar, og om handheving av den nye arbeidslinja.
Eg finn at samtalane vert prega av spenningar. Den nye aktiveringslogikken har blitt det dominante prinsippet i den nye fyrstelinja, men den er likevel ikkje eksklusiv. Aktiveringslogikken skapar spenningar med andre fundamentale velferdslogikkar, som
eksisterer side om side i den nye etaten. Dette spelar seg ut i forhandlingane, som implisitt kan tolkast og forståast som spenningar mellom ulike rollesett, handlingsorienteringar og velferdslogikkar som ein gong hadde eit privilegert rom i dei tre tidlegare etatane.
I refleksjonane over yrkesrolla finn eg rettleiarar som reflekterer over ei vanskeleg rolle, og som opplever samtalane som komplekse og uføreseielege fenomen. Rettleiarane opplever arbeidsretting og aktivering som kjernen i den nye yrkesrolla, men eg finn også at denne snevre rolletilnærminga gjer at andre sentrale, og empirisk framtredande, arbeidsoppgåver blir problematiserte. Rettleiarane ynskjer å vere ei positiv makt som skapar moglegheiter for brukarane sine, men den samansette porteføljen gjer at den idealiserte og ynskte rettleiarrolla er vanskeleg å leve ut. Rettleiarane utøver rolla si i eit vanskeleg krysspress mellom det å vere varme omsorgspersonar og handhevarar av politiske signal, eit krysspress som blir aktualisert i konkrete møte.
Den nye aktiveringslogikken laddar rettleiarblikket i det dei vurderer brukarane sine etter vilje og motivasjon. Men forventingane om aktive brukarar blir ikkje først og fremst gjort levande som eksplisitte krav, men meir som implisitte vurderingar gjort undervegs i samtalane. Det er vurderingar som brukarane kan «sense», og som kan skape ambivalens og asymmetri mellom dei to partane. Dei brukarane som strekkjer til gjer det lettare å levandegjere ei meir idealisert og ynskt rolletilnærming – ei snever rettleiarrolle som aktiverer og arbeidsrettar. Dei brukarane som ikkje strekkjer til skapar dilemma, og aktiverer spørsmålet om kva som utgjer ein passande respons. Det er ein respons som like gjerne kan vere prega av omsorg, handheving så vel som av ein lunka byråkratisk retrett. Med andre ord er aktiveringslogikken dominant – men den eksisterer side om side med andre velferdslogikkar, i ein vanskeleg og uavklart styringsmiks
Når valden visest utanpå: animert kroppsspråk i Sinna Mann
Animasjonsfilmen Sinna Mann (2009) av Anita Killi handlar om Boj, ein liten gut som opplever familievald. Boj står opp for seg sjølv og fortel om valden til Kongen. Den internasjonalt prislønte animasjonsfilmen er ein adaptasjon av ei biletbok med same tittel av Gro Dahle og Svein Nyhus frå 2003, og i adaptasjonsprosessen har Killi tolka, transponert og transkoda ei forteljingsverd frå eitt medium til eit anna (Hutcheon, 2013). Animasjon er som medium definert ved at illusjonar av liv vert skapt gjennom rask framvising av enkeltbilete (Wells, 1998). Killi har animert i stop motion der animatøren skaper etterlikning av rørsler ved fysisk å flytte på element og figurar før avfotografering av eit nytt bilete, og animasjonsteknikken kan gjere rørsler til personar særleg meiningsberande (Anumasa et. al.,2013; Mohamed & Nor, 2015; Ngo, 2018). Videoessayet utforskar korleis animert kroppsspråk i Sinna Mann tener til å etablere personlegdomen til Boj for filmpublikum (Wells, 1999), som narrativt element eksternaliserer indre emosjonar, automatiske emosjonelle reaksjonar og interpersonlege relasjonar knytt til eit klassisk mønster av familievald (Korte, 1997; Rakovec-Felser, 2014), og synleggjer korleis personar og relasjonar i filmnarrativet transformerer når familien tar imot hjelp. I det epigrafiske videoessayet fungerer tekstlege element som visuelle berebjelkar for det analytiske resonnementet (Keathley & Mitchell, 2019). I didaktisk samanheng gir det audiovisuelle formspråket i videoessayet lærarar og elevar høve til fokusert utforsking over kva animert kroppsspråk i Sinna Mann kan fortelje og opnar for vidare refleksjon.publishedVersio
Utvikling i samarbeidskultur etter samanslåing av høgskular
Dette kapittelet ser på korleis organisasjonskulturen endrar seg etter samanslåing av høgskular, og korleis samarbeidet, både internt og eksternt, fungerer i den samanslåtte høgskulen. Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017 ved ein fusjon av tre høgskular på Vestlandet. I 2018 vart det gjennomført ei spørjeundersøking for å kartlegge organisasjonskulturen ved dei tre høgskulane før samanslåinga. Undersøkinga vart gjennomført på nytt våren 2023 og supplert med spørsmål knytt til utviklinga av samarbeidet, både internt og mot aktørar utanfor HVL. Resultata viser at om lag kvar fjerde fagtilsett meiner at samarbeidet med andre fagtilsette ved HVL har auka, medan om lag halvparten meiner dette ikkje er tilfellet. Mellom 4 % og 10 % av dei fagtilsette er heilt eller delvis samde i at samarbeidet med norsk og internasjonalt næringsliv og nasjonale og internasjonale forskings- og utdanningsmiljø har auka. Om lag halvparten er heilt eller delvis usamde i denne påstanden. Resultata syner òg at organisasjonskulturen har endra seg etter samanslåinga. I 2018 var det ei overvekt av fagtilsette som meinte at kulturen ved dei tidlegare høgskulane hadde eit internt fokus, det vil seie ein kultur med hovudvekt på regelstyring og samarbeid. Det er ei overvekt av HVL-fagtilsette som i 2023 meiner organisasjonskulturen har søkjelys på stabilitet, og at han er lite endrings- og utviklingsorientert. Organisasjonskulturen i HVL har dermed vorte noko mindre samarbeidsorientert enn det han var ved dei tre tidlegare høgskulane. Studien er den første som tek føre seg kartlegging av organisasjonskultur i universitets- og høgskulesektoren på to ulike tidspunkt etter ei større organisatorisk endring. Studien bidreg såleis til å få fram ny kunnskap om utvikling i organisasjonskultur i sektoren som følgje av store strukturendringar.publishedVersio
Mapping interaction quality for nursing and medical students in primary care placement in municipal emergency care units: a systematic observational study
Introduction: Primary care placement for nursing and medical students is vital for developing the competence to accommodate the increasing number of patients with multimorbid and complex conditions. Prior studies have suggested that interaction quality in primary care placement empowers learning. However, research mapping interaction quality in primary care placements in municipal emergency care units is lacking. This study aimed to systematically map interaction quality for nursing and medical students in primary care placement in two municipal emergency care units.
Materials and methods: This study adopted a systematic descriptive observational design. Systematic observations (n = 201 cycles) of eight nursing students (n = 103 cycles) and six medical students (n = 98 cycles) were used to map interaction quality across six learning situations between March and May 2019. Observations were coded using the Classroom Assessment Scoring System-Secondary (CLASS-S). Data were analyzed using descriptive statistics and Spearman correlations.
Results: Interaction quality is described in three domains: (I) emotional support, (II) framework for learning, and (III) instructional support, and the overall measure, student engagement. The results indicated middle-quality interactions in the emotional and instructional support domains and high quality in the framework for learning domain and student engagement. Correlations exhibited similar patterns and ranged from non-significant to strong correlations.
Conclusion: The interaction qualities indicated a generally positive and supportive learning environment contributing to nursing and medical students’ learning and active participation in work tasks related to their professional roles. Thus, this new form for primary care placement for nursing and medical students in the municipal emergency care units was found to be a positive learning arena. These results may enhance nursing and medical education programs in countries with similar health services and education. Health education, supervisors, peers, and others contributing to students’ learning should recognize which interaction qualities may affect learning and how to improve quality, thus affecting supervisors’ approach to training students. While the CLASS-S showed potential for mapping interaction qualities for nursing and medical students in primary care placement in municipal emergency care units, further studies are needed to validate the CLASS-S for use in clinical placement settings.publishedVersio
Assessing the Impact of the Way of Saint James on Psychological Distress and Subjective Well-being: The Ultreya Study
This study aimed to examine the impact of a pilgrimage on the Way of St. James on psychological distress and subjective well-being, and to compare these outcomes with a control group on non-pilgrimage vacations. Additionally, the study explored psychological process variables that may mediate the pilgrimage's beneficial effects. A nonrandomized pretest-posttest design was used, involving 444 pilgrims and 124 controls. Participants completed baseline and post-experience self-reported measures of psychological distress, subjective well-being, and psychological processes (i.e., mindfulness, nonattachment, engaged living). A 3-month follow-up was conducted only in the pilgrim group. Mediation analyses examined psychological processes as potential mediators of pre-post change in the pilgrim group (vs. control). Within-group analyses revealed that the pilgrim group experienced improvements in psychological distress, subjective well-being, and psychological processes immediately post-experience, with most measures sustaining improvement at the 3-month follow-up. Compared to the control group, pilgrims showed significantly greater increases in positive affect, life satisfaction, and valued living, alongside greater reductions in anxiety, depression, and perceived stress. Valued living partially mediated the relationship between pilgrimage and positive affect, and fully mediated the effects on perceived stress, negative affect, life satisfaction, and subjective happiness. Pilgrimage on the Way of St. James effectively reduced psychological distress and enhanced subjective well-being, with greater benefits observed compared to a non-pilgrimage vacation control group. Consistent with the concept of pilgrimage as a transformative experience, significant improvements in valued living were noted, which mediated some of the positive outcomes post-pilgrimage. The Way of St. James may serve as a valuable complementary approach for alleviating distress and promoting well-being. Further studies exploring the effects of this pilgrimage on specific populations and using more robust study designs are warranted.publishedVersio
Leiingskompetanse, pedagogisk kompetanse og refleksiv kompetanse. Erfaringar frå regional kompetanseordning blant barnehagestyrarar i Møre og Romsdal
Regional kompetanseordning er ei tilskotsordning, initiert av Kunnskapsdepartementet for å styrke den kollektive kompetansen i barnehagen og skape eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet i hele landet. Ordninga starta i 2019 og er forankra i fleire dokument, deriblant Retningslinjer for tilskuddsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring (2021) og Barnehage for en ny tid - Nasjonal barnehagestrategi mot 2030 (2023).
I dette studiet har motivasjonen for tema vore å sjå nærare på korleis tilskotsordninga er med på å styrke barnehagane sin kollektive kompetanse. Problemstillinga er forma slik: Kva former for kompetanse opplever barnehagestyrar at regional kompetanseordning medverkar til å styrke?
Det har vore nytta kvalitativt forskingsdesign med fenomenologisk tilnærming til datamaterialet. Det vart gjort sju kvalitative intervju med styrarar i løpet av våren 2024. Dei fortalde om det å leie barnehagen som lærande organisasjon og kva kompetanse dei opplevde at personalet fekk gjennom barnehagebasert kompetanseordning.
Induktiv metode og tematisk analyse vart nytta i analyse prosessen, der tre tema utmerka seg gjennom dei empirinære kodane. Dette var leiingskompetanse, pedagogisk kompetanse og refleksiv kompetanse. I desse tre tema sorterte eg dei kompetansane som styraren opplevde hadde endra seg mest gjennom tilskotsordninga.
Informantane hadde opplevd ei endring i leiarane sin kompetanse knytt til det å leie utviklingsarbeid. I tillegg opplevde styrar at leiargruppa i barnehagen hadde fått ei felles fagleg forankring som gjorde at dei drog utviklingsarbeidet meir i same retning. Legitimitet og autonomi hadde vore med på å forankra ordning betre og personalet kjende eit større eigarskap til problemstillingane når dei fekk medverke i prosessen med å kartlegge utviklingsbehovet. Fagdagar og lærande nettverk med aksjonslæring og utprøving av ny praksis, vart opplevd som nyttig og utviklande. Både sjølvrefleksjon kring utøving av eigen praksis og kritisk refleksjon knytt til barnehagen og kollektive tema, var viktig for å løfte både kompetansen og kvaliteten i barnehagen. Tema og datamaterialet vart deretter drøfta på bakgrunn av teori og tidlegare funn.Abstract
The Regional Competence Scheme is a grant scheme initiated by the Ministry of Education to strengthen collective competence in kindergartens and create an equitable kindergarten offering of high quality throughout the country. The scheme started in 2019 and is anchored in several documents, including the Guidelines for the Grant Scheme for Local Competence Development in Kindergarten and Primary Education (2021) and Kindergarten for a New Era - National Kindergarten Strategy towards 2030 (2023).
In this study, the motivation for the topic has been to look more closely at how the grant scheme helps to strengthen the collective competence of kindergartens. The research question is formulated as follows: What forms of competence do kindergarten directors perceive that the regional competence scheme contributes to strengthening?
To answer the question - a qualitative research design with a phenomenological approach to the data material has been used. During the spring of 2024, qualitative interviews were conducted with seven kindergarten directors. They elaborated being the leader of the kindergarten as a learning organization and what competence they perceived the staff gained through the kindergarten-based competence scheme
The analysis process was conducted by means of inductive methods and thematic analysis. Through the empirical codes, three themes stood out- leadership competence, pedagogical competence, and reflective competence. Within these three themes, I sorted the competences that the directors perceived had changed the most through the grant scheme.
The ownership to the development issues were experienced as increased as a result of anchoring the scheme better through legitimacy and autonomy and finally, the staff felt a higher sense of ownership of the issues, being involved in the process of mapping which needs to be developed.
To raise both competence and quality in the kindergartens, self-reflection on the practice as well as critical reflection related to the kindergarten and collective themes were important. This was obtained through professional development days and learning networks with action learning and testing of new practices. The themes and data material were then discussed based on theory and previous findings
«TETT PÅ». Ein kvalitativ studie om lærarar sine erfaringar med å skape autismevennlege miljø i folkehøgskulen
Denne studien handlar om erfaringar lærarar i folkehøgskulen har med å legge til rette for autismevennlege miljø i folkehøgskulen. Stadig fleire ungdommar med autismespekterforstyrringar (ASF) vel å gå på folkehøgskule etter vidaregåande skule, men det eksisterer minimalt med kunnskap om erfaringar knytt til dette arbeidet. Til trass for at det er mykje forsking å finne knytt til ASF, er der lite forsking om ASF i folkehøgskulesamanheng. Føremålet med denne oppgåva er difor å bidra til kunnskap om folkehøgskulen som lærings- og meistringstilbydar til unge vaksne med ASF. Problemstillinga i studien er : Kva erfaringar har lærarar i folkehøgskulen med å skape autismevennlege miljø?
For å få meir kunnskap om det som går føre seg ute i praksisfeltet, har eg intervjua fire lærarar som arbeider på tilrettelagte linjer på folkehøgskular i ulike delar av landet. Eg har nytta kvalitativt forskingsdesign med semistrukturerte intervju, der ei fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming ligg i botn. Intervjua er transkriberte og analyserte ved hjelp av klassisk tematisk analysemetode.
Funna peikar på at folkehøgskulen kan vere ein viktig bidragsytar for elevar med ASF, mellom anna ved at skuleslaget i stor grad freistar å legge til rette for utvikling av autonomi, gode relasjonar og ADL-kompetanse hos elevane. Ein «tett på»-pedagogikk er lettare å gjennomføre på ein internatskule, og det ser ut til å gje gevinstar for ASF-elevane. Lærarane legg i stor grad til rette for at ASF-elevane skal oppleve seg på lik linje med medelevar og at dei skal kjenne seg verdfulle. Rettleiingsrolla som læraren som har både for ASF-elevar, medelevar og kollegar er eit sentralt funn, og rettleiingskompetanse for lærarar som arbeider med tilrettelagt undervisning i folkehøgskulen er difor føremålstenleg. Funna peikar også på at det er behov for meir kompetanse om ASF på arbeidsplassane, samt meir informasjon til målgruppa om det folkehøgskulen kan tilby.Abstract
This study is about teachers`experiences when it comes to facilitating an autism friendly environment at Norwegian Folk high schools.Young adults with autism spectrum disorders (ASD) are increasingly choosing Folk high schools after finising high school, however there is little documented experiential knowlegde about work in this field. Despite all existing research about ASD, there is minimal research on ASD and Folk high schools.
The purpose of this study is therefore to contribute to the knowledge of Folk high schools, as providers of learning and coping skills to young adults with ASD. The research question of the study is: How can Folk high school teachers facilitate the creation of autism friendly environments?
To be able to get more knowlegde about what actually takes place in the field of practice, I have interviewed four teachers who work with adapted curriculum of study in Folk high schools from different parts of the country. I have used a qualitative research design with semi-structured interviews based on a phenomenological and hermenautic approach. The interviews are transcribed and analyzed using a classic thematic analysis method.
The findings point to the Folk high school as an important contributor for students with ASD, by trying to be facilitators for autonomy, good relationships and competence. A close and personal pedagogy is easier to implement in a boarding school, and it seems to lead to positive outcomes for ASD-students. The teachers facilitates for equality between students with and without ASD, and the focus on human dignity seems to be a central value in the Folk high school. An importing finding is that an ASD teacher acts also as a tutor to non -ASD students and to colleagues. This highlights the importance of tutoring competence among teachers who work with adapted curriculum of study in the Folk high schools.
The findings also show that there is a need for more understanding on ASD in Folk high schools, and more information should be made available for this student group about what Folk high schools have to offer them
Tilrettelegging i skjermede virksomheter. En kvalitativ studie av hvordan det tilrettelegges individuelt for mennesker med psykisk utviklingshemming i skjermede virksomheter
I denne studien undersøker vi hvordan det tilrettelegges individuelt for mennesker med psykisk utviklingshemming i skjermede virksomheter. Dette undersøker vi fordi det er viktig å vite hvordan en kan tilrettelegge for mennesker med psykisk utviklingshemming i arbeid. Både fordi at arbeid er viktig for individet selv, og samfunnet i sin helhet. Mennesker med psykisk utviklingshemming har rett til å være i arbeid på lik linje med alle andre mennesker. Arbeidsmiljøloven (2005, § 4-2) presiserer at alle arbeidstakere har krav på tilrettelegging. Tilretteleggingsarbeid i profesjonsutøving er spesielt viktig i sammenheng med mennesker med psykisk utviklingshemming. Dette fordi de ofte lever i en sårbar livssituasjon på grunn av diagnosen og det sammensatte livsproblemet det medfører. Vi benytter oss av teori om tilrettelegging, inkludering, brukermedvirkning, relasjonsarbeid og rammebetingelser for sosialt arbeid.
I denne fenomenologiske kvalitative intervjustudien har vi ved hjelp av dybdeintervju samlet datamateriale som har gitt grunnlag for analyse. Data ble innhentet fra ansatte i to ulike skjermede virksomheter. Analysen var induktiv, men inspirert av SDI-modellen.
Datamaterialet viser at det er flere faktorer som er essensielle i arbeidet med tilrettelegging for mennesker med psykisk utviklingshemming. Tilretteleggingsarbeidet er preget av å forstå deltakernes behov. En god relasjon og brukermedvirkning er essensielle stikkord, hvorav disse faktorene er gjensidig avhengig av hverandre for å forstå deltakerne best mulig. Dette er viktig for å kunne gjennomføre individuell tilrettelegging både på individ- og gruppenivå.
Studien konkluderer med at det tilrettelegges individuelt for mennesker med psykisk utviklingshemming i skjermede virksomheter, gjennom kommunikasjon med og om deltakerne, relasjonsarbeid, variasjon, samt i det sosiale samspillet.Abstract
In this study, we analyze how individualized adaptations are provided for individuals with intellectual disabilities in sheltered employment. We explore this because understanding how to accommodate individuals with intellectual disabilities in employment is crucial, both for the individual's well-being and for society as a whole. Individuals with intellectual disabilities have the right to employment on equal terms with others. Arbeidsmiljøloven (2005, §4-2) specifies that all employees are entitled to adaptation. Adaptation efforts are particularly important in the context of individuals with intellectual disabilities because they may face vulnerable life situations due to their diagnosis and the complex life challenges it entails. We draw on theories of adaptation, inclusion, user participation, relational work, and social work framework conditions.
In this phenomenological qualitative interview study, we collected data through in-depth interviews, which formed the basis for our analysis. Data were obtained from employees in two different sheltered employments. The analysis was inductive but inspired by the SDI- model.
The data material shows that there are several factors essential in the work of adaptation for individuals with intellectual disabilities. The adaptation work is characterized by understanding the participants' needs. A good relationship and user involvement are essential keywords, of which these factors are mutually dependent on each other to best understand the participants. This is important for being able to carry out individual adaptation both at the individual and group level.
The study concludes that individualized adaptation for individuals with intellectual disabilities in sheltered employments are achieved through communication with and about the participants, relationship building, variation, and social interaction